tulletigeren - Kvinne (42) fra Sogn og Fjordane - NorgesDate

Jeg er en:
Kvinne 
Som søker:
Mann 
Alder:
42
Bosted:
Sogn og Fjordane 
Sivilstatus:
Singel 
Høyde:
166 cm 
Kropp:
Middels 
Generelt
Morsmål:
Norsk 
Utdanning:
Videregående 
Jobbsituasjon:
Hjemmeværende 
Trening:
Trener omtrent aldri 
Alkohol:
Drikker en sjelden gang 
Røyk:
Røykfri 
Personlig
Egne barn:
Har barn deltid 
Vil ha barn:
Ønsker ikke barn 
Politisk:
Blandet politisk syn 
Personlighet:
ENFP (-A/-T) 
Med egne ord
Presentasjon:

Eg er ei traust (eller ikkje? Det blir opp til deg å finne ut) kvinnemenneske som savner ein heilt spesiell mann i livet mitt. Det manglar nokon her! Mulig du er her hos meg, men at eg har det så rotete at eg ikkje finn deg igjen? Du får hjelpe meg å rydde, så finn eg deg kanskje igjen.
Viss du ser etter ei blid og koselig dame med rødvin i handa (forhåpentligvis i eit glas, og ikkje rett i handa. Det er jo berre grisete) poserande på ein skinnfell framfor peisen, då må du berre gå vidare. Eg syns kvitvin smakar betre, men syns også det er godt med øl. Og eg skal då ha skikkelig øl med mykje smak! Ein god stout, for eksempel. Eg har ikkje peis, skjønar du. Har du peis, seier du? åh, då ordna det seg , då! Nesten. For å posere på ein skinnfell? Fins jo ikkje ei god stilling å posere i. Iallfall ikkje meir enn to sekund om gongen. Eg har nemleg ikkje ro i ræva. Kan no sitje framfor peisen ei lita stund, då. Men må no ha mat og. Eller finne på noko. Eg har fjellsko, telt, hengekøye, primus, hovudlykt, eventyrlyst, dårleg kondis og er mørkredd. Eg elskar å utfordre meg sjøl om eg er redd, for eg vil ikkje sjå tilbake på livet mitt og angre på sjanser eg lot gå frå meg.
Eg er veldig glad i å reise, men har diverre ikkje fått reise så mykje som eg har hatt lyst til. Hittil har eg vore i Sverige og Danmark (som knapt nok kan kallast for utland), Tyskland, Tsjekkia, Bulgaria, Spania og England. Norge har også mykje å by, og eg kunne egentlig tenkt meg å sjå meir av landet vårt. Eg har aldri vore nord for Trondheim, så eg kunne tenkt meg å reise nordover og oppleve både midnattssol og skikkelig nordlys! Ellers har eg lyst til Irland, USA, Afrika,, Thailand og mange andre land. Eg er ikkje den som har tålmodighet til å ligge på stranda. Då må eg ha blitt skikkelig utslitt først, med opplevelser og sanseinntrykk.
Å ha det morsomt er veldig viktig for meg. Livet er nemlig for alvorlig til å ta det seriøst.

Fritid:

Eg skriv, fargelegg og sånn. Har utallege uferdige strikkeprosjekt, samt litt andre prosjekt som eg ikkje har fått satt ut i livet endå. Oppussing for eksempel. Elles går eg litt tur, driv med litt yoga og mindfullness.

Reise:

Ja takk! Alt av interesse.

Film/serier/tv:

Av seriar digger eg Friends, Sex & The City og Orange Is The New Black.
Eg er glad i filmar, og her er det vanskeleg å velge ut favorittar. Ser helst action, komediar og sånn. Innlevingsevna mi toler ikkje grøssarar og psykologiske thrillerar.

Musikk:

Eg er stort sett altlyttande, men honkytonk skjærer gjennom marg og bein. Det er tortur rett og slett.
Bon Jovi og P!nk er mine absolutte favorittar!

Litteratur:

Akkurat no held eg på med Safranhuset av Rosanna Ley
Når eg er ferdig med den skal eg fortsetje på trilogien til Jane Gardam. Eg har lese Ein Ulastelig Mann, så då er det berre dei to siste igjen.

Sitater:

Det som ikkje tek livet av deg, går over.
Alt går.
Det er i motbakker det går oppover.
Smil og ver glad kvar dag som går, så skal du sjå kor vondt i kjeften du får. ;)

Hva jeg søker
Type relasjon:
Langvarig fast forhold 
Partners barn:
Åpen for å treffe noen med barn 
Mine ønsker:

Ein stødig mann med ryggrad, humor, sjølironi og er ferdig med tidlegare forhold.